Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kjetil Heimvik, prosjektleiar i SKL (t.v.), kommunestyrerepresentantane Tollef Rullestad og Siri Klokkerstuen (Etne Ap) og stortingskandidat Odd Harald Hovland (Ap). Her er dei inne i tunellen knytt til Løkjelsvatn kraftverk. Foto: Anita Haugland
Tollef Rullestad og Siri Klokkerstuen i Etne Ap ved eit tidlegare høve.

Feil av Grannar – me stemde ikkje imot reglementet

Tidleg torsdag morgon kjem Grannar i hus og gjev oss oppdatering før arbeidsdagen startar. Me hadde kommunestyremøte tysdag og det er alltid interessant å sjå kva lokalavisa formidlar til innbyggjarane frå det.

Me blir ganske overraska. Grannar skriv at Ap og KrF stemde imot reglementet for streaming av politiske møte i kommunestyret tysdag! Det er direkte feil, kva kan me gjera med slikt som alt er kome på trykk?

Me hadde ein lang debatt i saka og det er vanskelig å forstå at dette blei oppfatta slik av journalisten som var til stades i møtet. Me stemde ikkje imot reglementet. Vårt alternativ som blei røysta over støtta reglementet. Arbeiderpartiet sitt framlegg var ulikt på eit punkt: at streaming berre skal gjelde for kommunestyre og formannskap, ikkje utvala. Dette støtta KrF oss i.

Powered by Labrador CMS