Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst IKSFOTO: HÅKON NORDVIK/HAUGALAND VEKST
Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst IKS

Debatt

Ein dugnad for framtidas Haugaland

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Finalen i sommarjobb-programmetSildikonValley vart nyleg arrangert iHaugesund. 35 studentar hadde jobba gjennom seks veker med å løyse reelle problemstillingar for lokale verksemder og offentlege aktørar på Haugalandet. Dei presenterte alt frå nye digitale verktøy til forslag for grønare drift og betre tenester – og alt var utvikla i tett samarbeid med verksemdene. For fleire av desse studentaneblir sommaropphaldet starten på noko meir: Ein ny jobb, ei flytting heim – eller ei oppdaging av ein region dei ikkje kjende frå før.

SildikonValley er ein del av ein større, regional innsats for å sikre framtidig kompetanse og verdiskaping påHaugalandet, koordinert avHaugalandVekst. Gjennom dette målretta samarbeidet mellom eigarkommunane våre, Rogaland fylkeskommune og eit stadig breiare lag av verksemder i regionen, har både SildikonValley, Talentsamarbeidet og no nysatsingaWelcomeHub vorte sentrale verktøy for å møte ei av dei største utfordringane vi står overfor: Kampen om hovuda.

Mange unge reiser ut for å ta høgare utdanning – og det er både naturleg og bra. Utfordringa oppstår når dei ikkje kjem tilbake, ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi dei ikkje veit kva som finst her heime. Difor må vi synleggjere moglegheitene, og det må gjerast tidleg. Når over 1000 studentar søkte seg til årets SildikonValley, er det eit teikn på at innhaldet treffer. Dei får ikkje berre arbeidserfaring – dei får ein inngang til regionen.

GjennomTalentsamarbeidet har over 30 partnarverksemder gått saman om heilårleg omdømebygging og rekrutteringsarbeid. Det skjer via karrieredagar vedNTNU,UiS og andre lærestader, gjennom synleggjering av ledige jobbar i kanalar som treff unge vaksne, og gjennom arrangement heime – som dei populære Mingel»-kveldane for nye tilflyttarar. Slik byggjervi relasjonar og gjer det enklare å veljeHaugalandet både som arbeidsmarknad og buplass.

Nyleg vart arbeidet med WelcomeHubHaugalandet sett i gang. Prosjektet starta som ein idé frå studentar i SildikonValley‑programmet i fjor og blir no realisert med støtte frå Rogaland fylkeskommune og SparebankstiftelsenSR‑Bank. Målet er å hjelpe utanlandske arbeidstakarar og familiane deira med alt frå bustad og barnehage til å finne vener og aktivitetar. Det finst alt mange gode initiativ på feltet, men erfaring frå andre regionar viser at effekten blir mykje større når aktørane samordnar innsatsen. Vi veit at mange som kjem til regionen med høg kompetanse, forsvinn igjen etter kort tid – ikkje fordi jobben var dårleg, men fordi kvardagen utanfor jobben vart for vanskeleg eller einsam. Då mistar vi meir enn ein arbeidstakar – vi mistar moglegheita til å utvikle samfunnet vårt i takt med verdas behov.

Det finst mange døme på verksemder som har fått varig gevinst av å delta iSildikonValley ogTalentsamarbeidet. Men dette er ikkje eit tiltak berre for dei største. Også mindre verksemder med få tilsette har nytta ordninga til å teste ut nye idear, hente inn ny kompetanse – og i fleire tilfelle rekruttere nye kollegaer. Vi inviterer no fleire til å bli med. Ein treng ikkje binde seg for fem år – eit prøveår held for å sjå kva ein får att. Det finst mange former for deltaking; som arbeidsgivar for ein sommarstudent, som partnar iTalentsamarbeidet eller som støttespelar iWelcomeHub. Poenget er å bidra – og få noko igjen.

Haugalandet er i endring. Vi skal gjennom det grøne skiftet, vidareutvikle olje‑ og gassnæringa, styrkje det offentlege tenestetilbodet og halde oppe innovasjonstakta i industrien. Alt dette krev folk – og folk krev ei meiningsfull framtid. Vi veit at mange har lyst å bu her, jobbe her, bidra her. Men då må vi løfte fram moglegheitene, og vi må sørgje for at det å kome hit – eller kome tilbake – blir ein positiv overgang. Lat oss by på den jordnære velkomsten som gjer at flinke folk blir verande – og som gjer at ungdommen vår ser heimstaden som ein mogleg karrierearena, ikkje ein stad dei må reise frå. Framtida kjem uansett. Spørsmålet er kven som står klar på kaien når ho legg til.

SigmundLier, dagleg leiar iHaugalandVekstIKS

Powered by Labrador CMS