Kenneth Karlsen
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Eigedomskatteauke i Etne kommune – nok ein gong
I årets budsjettarbeid i Etne kommune har me i Etne FrP nok ein gong sett korleis eigedomsskatten blir brukt som ei enkel løysing for å balansere budsjetta – på kostnad av innbyggjarane sine hus og heimar. No ser det ut til at eigedomsskattetakstane blir justerte opp med inntil 10 prosent, for nesten halvparten av alle husstandar – mot våre stemmer. Dette vil gje kommunen ein halv million kroner i ekstra inntekter. Posisjonspartia hadde moglegheita til å unngå denne auka, men valde å gjera denne kontorjusteringa», som det vert kalla. Varaordføraren argumenterte for at det var urettferdig at dei som hadde kommunal takst skulle betala mindre i eigedomsskatt, og meinte at det var meir rettferdig at dei skulle betala meir – heller enn at dei andre skulle betala mindre.
Dette skjer samtidig som vårt forslag om å justere opp botnfrådraget til 275.000 kroner ser ut til å ikkje få nok støtte i år heller. Eit høgare botnfrådrag ville bety ei reell letting for mange av dei som slit mest med økonomien i dyrtida, og samtidig kunne bidra til å gjera Etne kommune meir attraktiv for tilflytting. Dessverre ser det ut til at dei andre partia ikkje deler denne visjonen.
Kvart år ser me det same mønsteret: Dei fleste partia stiller til val og seier at dei ønskjer å redusere eller fjerne eigedomsskatten – men når budsjettdiskusjonane kjem, snur dei om. Då handlar det ikkje lenger om å letta byrdene for innbyggjarane, men om å henta inn endå meir pengar frå folks eigedomar for å dekka opp budsjettet. Det er rett og slett dårleg gjort.
Eigedomsskatten er ein usosial skatt som rammar både småbarnsfamiliar, eldre og andre som slit med å få endane til å møtast. At partia år etter år prioriterer å auke inntektene frå denne skatten, i staden for å sjå på andre løysingar eller kutte i kommunen sine eigne utgifter, viser ein mangel på respekt for folk sine lommebøker.
FrP står støtt på vårt prinsipp om å redusere og på sikt fjerne eigedomsskatten heilt. Me vil ikkje gje oss i denne kampen, og me vil halde fram med å setje eigedomsskatten på dagsorden. Det er på tide at politikarane i Etne kommune tek folks økonomi på alvor og sluttar å sjå til hus og heimar som den enklaste måten å fylle opp kommunekassa på.
Kenneth Lyng Karlsen
Gruppeleiar, Etne FrP