Nyhende |
||
Svakt stigande arbeidsløyseDet er relativt stabile tal på arbeidsledige i Hordaland og Rogaland.
I Hordaland har arbeidsløyse stege med 2,6 prosent frå same tid i fjor, medan Rogaland har eit prosenttal på fem, går det fram av julitala frå NAV. Totalt 5.228 er heilt ledige i Rogaland (2,2 prosent), som er 173 fleire enn månaden får. Talet i Hordaland er 6.915 (2,7).
Etne kommune har ved utgangen av juli 42 utan arbeid, som utgjer 2,1 prosent arbeidsløyse, samt seks personar på tiltak. Vindafjord har 77 ledige (1,8 prosent), og dette er 14 fleire enn månaden før.
Bygg og anlegg Medan nokre yrke har gode tider, har andre dårlege. Det er her ein finn svingingane i arbeidsløysa. Medan yrke innan konsulent- og meklarbransjen har fått mindre arbeidsløyse, har yrke som omhandlar reiseliv, transport og barne og ungdomsarbeid fått høgare arbeidsløyse. - Det er viktig å merke seg at det er konjunkturutsette yrkesgrupper som har fått ein betra arbeidsmarknad, fortel Bjørn Sæstad, fungerande direktør i NAV Rogaland. I Hordaland er det hovudsakleg bygg og anlegg og industrien som har den høgaste ledigheita. Det er likevel denne næringa som har størst behov for folk.
Mest utsette - Dette bekreftar inntrykket av at næringane som først merka finanskrisa no er på offensiven igjen, seier assisterande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen. Dei positive tendensane er at den totale arbeidsløysa i Hordaland har gått ned dei siste månadane, og at talet på utlysing av stillingar er 19 prosent høgare denne månaden, enn den tilsvarande i fjor. Det er også ein klar tendens at det er ei auke i arbeidsledige blant dei unge i samfunnet. I Rogaland er det stort sett menn som dekkjer dei arbeidsledige blant ungdommen. - Dette heng saman med at mange unge menn utan fullført utdanning var dei som vart ramma av finanskrisa først i 2008, påpeikar Bjørn Sæstad.
|
||












