Nyhende |
||
Greip sjansen i finanskrisaArne Risøy (46) frå Ølen sit att med millionoverskot etter å ha gjort smarte investeringar.
Ølensbuen har investert i shippingindustri, eigedom og obligasjonar. Selskapet Ar Vekst AS og dotterselskapet Ar Obligasjon AS står med eit resultat før skatt på til saman 7,7 millionar kroner i 2009. Eigaren sjølv, Arne Risøy, har ikkje tatt ut ei krone i utbytte. — For meg er dette ein hobby. Det er kjekt at det går godt, men plutseleg kan det snu, seier 46-åringen til Grannar. Til vanleg er han tilsett i Tveit Regnskap AS, og tidlegare var han landbrukssjef i Vindafjord, men han har drive med investeringar på fritida i fleire år. Noko planar om å endra på dette har han slett ikkje. — Det er noko med å ha ein fast jobb og eit sosialt liv, så eg har ingen planar om å driva med dette på fulltid, seier Risøy. To selskap — Eg har to investeringsselskap. Då det gjekk dårleg i finanskrisa, gjorde eg nokre gode kjøp. Det er grunnen til at selskapa går såpass bra nå, seier 46-åringen som har ein samla eigenkapital i dei to selskapa på vel 12 millionar kroner. I finanskrisa var det vanskeleg for verksemder å få lån, fordi bankane strevde med å få tak i pengar. Det gjorde at fleire selskap måtte tenka alternativt når dei trengte kapital. — AR Obligasjon AS kjøpte obligasjonar i børsnoterte selskap som for eksempel Storebrand Liv, Haugesund Sparebank og SpareBank 1, og for dette fekk eg høg rente i dei dårlege tidene, seier Risøy. Han ser lyst på framtida.
— 2010 ser også bra ut, men det er lett å bli for ivrig i medgang, seier han. Aktiviteten i selskapet AR Obligasjon AS består av renteberande obligasjonar. Obligasjonane har ei varierande løpetid på 3-5 år. — Grunnen til at eg har oppretta aksjeselskap er at eg vil sleppa å ha privat risiko. Dessutan er det noko meir gunstig i forhold til skatt, seier Risøy. Ar Vekst AS Fram til 2008 gjekk det stort sett greitt i shippingindustrien. — Dette var eit dårleg år, og eg måtte gjera ein del avskrivingar i selskapet, fortel Risøy. Då næringa fekk eit oppsving i andre halvdel av 2009, førte det også til gode resultat i Ar Vekst AS. — Etter nedgang pleier det komma oppgang, seier ølensbuen. Aktiviteten til Ar Vekst AS består av investeringar innan shipping og eigedom. Størsteparten av investeringane er KS-prosjekt innan shipping og eigedom som er utleigd på minst femårskontraktar. Selskapet har også børsnoterte aksjar og obligasjonar. I 2009 hadde selskapet nærmare 23 millionar kroner i investeringar. — Investeringa byrja i det små, og etterkvart utvikla dette seg i rett retning. Spesielt i finanskrisa opna det seg mange sjansar, seier Arne Risøy. Han likar å vera passeleg offensiv, som han seier. — Det gjeld å posisjonera seg for gode muligheiter, meiner 46-åringen.
|
||












