Nyhende |
||
Fargerik feiringUnni Marie Lien (53) inviterer i dag til kake- og hagefest for å markera 30-årsjubileet for opninga av butikken i Ølen.
Unni Marie Lien likar å bruka kreativiteten på nye måtar. Fleire gonger har ho opplevd at bilistar har bremsa ned når dei ser målinga på husveggen hennar. Foto: Anita Haugland
— Eg har så mykje meir enn rosemåling, men det er jo dette eg er mest kjend for, seier Unni Marie Lien frå Ølen. Den 28. juli for 30 år sidan opna dørene. Sidan den tid har bestillingane auka på, og ho har fått turistinformasjonen i Vindafjord.
Travelt — Dette er den travlaste tida på året, fleire dagar har eg hjelpt mellom 40 og 50 turistar inne i butikken, seier Lien. Ho ville likevel markera feiringa på sjølve dagen.
Suksess — Eg har aldri merka noko til nedgangstider når det gjeldt rosemåling, og litt av grunnen er nok at eg heile tida har gått mine eigne vegar, seier den kreative dama. Tidlegare har ho måla skihoppar Romøren sine støvlar, designa mønster på moteklede og brudekjolar og meir. Siste skrik er tatoveringar. — Eg har sju til åtte bestillingar som ventar. Nå har eg så mykje arbeid at eg ligg langt bak skjemaet, seier Unni Marie Lien.
Kakefest — Eg har baka 19 ulike kaker til denne markeringa, i tillegg har eg fått to naboar til å hjelpa meg, seier 53-åringen. Kakebakinga har ho styrt på med på kveldstid. Ein kveld baka ho seks kaker, ein anna fire. — Eg hadde lyst til å feira dette, og nå får eg jo brukt mange av dei gode kakeoppskriftene mine, fortel Lien. Ho er ikkje redd for å invitera folk ned i den private hagen like ved E 134. — Målet mitt er å gje kundane mine ei best mogleg oppleving, seier ho. Responsen på feiringa er ho nøgd med. — Det har vore godt med folk innom i heile dag, seier designaren.
|
||












