Nyhende |
||
Våtast i EtneEtne med nedbørsrekord.
Synest du det har vore vel vått i sommar? Nå kjem stadfestinga frå yr.no om at ein av stadane i Grannar-distriktet toppar ein av nedbørsstatistikkane i juli.
Etne var nemleg den kommunen i Hordaland med mest nedbør i deler av andre halvdel av juni. På ei veke fall det 147 millimeter regn, og aller våtast var 21. juli då det i løpet av eitt døgn blei måt heile 82,9 millimeter nedbør.
Yr.no har også vore i kontakt med Gerd Jacobsen ved Etne Camping som ikkje er sjokkert over nedbørsrekorden.
- Det er jo normalt på Vestlandet med mykje regn, men eg synest det har vore verre før, fortel Jacobsen som trass nedbøren ikkje har minkande besøkstal.
|
||












