Nyhende |
||
Vil avslutta pakteavtaleTesdalstiftinga vurderer å seia opp forpaktingskontrakten med Krüger.
— Me har vanskeleg for å sjå at det kan vera nokon grunn til å gå vidare med pakteforholdet slik situasjonen har blitt nå, sa styreleiar Audun Namtvedt frå Stiftelsen Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling til Etne formannskap måndag kveld.
Stiftinga var kalla inn til eit ekstraordinært møte i formannskapet med bakgrunn i den kritiske situasjonen på den tidligare jordbruksskulegarden på Tesdal der Arbeidstilsynet og Mattilsynet stengte driftsbygningen sist veke.
Namtvedt gjekk i detaljar på korleis stiftinga hadde opplevd forholdet til det tyske ekteparet Ronald og Viola Krüger som har forpakta garden på Tesdal dei to siste åra. Han avslutta sitt innlegg med å informera formannskapet om at stiftinga nå ønskjer å seia opp pakteforholdet, og antyda at ein kunne ha dette avslutta på seinsommaren.
Ikkje vedtatt Ordførar Sigve Sørheim spurte om han meinte alvor, og styreleiaren modererte då det han nokre minutt tidligare hadde sagt i eit ope formannskapsmøte.
— Me må vurdera å seia opp paktekontrakten i lys av det som er komme fram i forholdet vårt til forpaktarane, men det er ikkje eit offisielt vedtak. Me vil gjerne ha advokaten vår på banen først, repliserte Namtvedt.
Ifølgje stiftinga er Krüger gjort kjent med at styret vurderer å seia opp pakteavtalen gjennom eit brev som er sendt til deira advokat.
Les meir om Tesdal-saka i torsdagens Grannar. |
||
Nyhende
Publisert 30.07.2010 - 16:34
Svakt stigande arbeidsløyseDet er relativt stabile tal på arbeidsledige i Hordaland og Rogaland. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 28.07.2010 - 16:07
Vil ha møte om SaudavegEtne-ordførar Sigve Sørheim vil ha fortgang i arbeidet med Saudavegen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 28.07.2010 - 16:04
Greip sjansen i finanskrisaArne Risøy (46) frå Ølen sit att med millionoverskot etter å ha gjort smarte investeringar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 28.07.2010 - 15:52
Fargerik feiringUnni Marie Lien (53) inviterer i dag til kake- og hagefest for å markera 30-årsjubileet for opninga av butikken i Ølen. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 26.07.2010 - 15:13
|
|
Nyhende
Publisert 26.07.2010 - 11:39
Full fart på stølstreffJohannes Jansen Heggebø (14) frå Bergen har hatt ei aktiv helg på Eikemo. Han var på helgetur saman med bestemor frå Ølen. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 24.07.2010 - 12:56
|
Nyhende
Publisert 23.07.2010 - 09:11
Campingboss blir dyrtDen som kvitta seg med ei campingvogn på miljøstasjonen i Ølen kan nå venta seg rekning frå Haugaland Interkommunale Miljøverk. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 22.07.2010 - 13:40
Blant dei ti besteLokale ullmeistrar kan skryta av sølvmedalje og ein sjetteplass i verdsmeisterskapet i Saueklypping. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.07.2010 - 15:52
Endeleg blir det båtopptrekkEtter sommaren startar arbeidet med å laga båtopptrekk i Ølen. Planane er allereie klare og godkjende av kommunen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.07.2010 - 10:35
Nordtveit inn i a-lagsstallen20 år gamle Håvard Nortveit frå Vats blir Premiere League-spelar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 21.07.2010 - 09:52
Skotsk etnebu til semifinalenHamish Mitchell driv gard i Etne, men klipper sau til den store gullmedalje for moderlandet Skotland i desse dagar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 20.07.2010 - 15:56
Sommarshow med fart iEin Zportyfestival krev ei zporty avslutning med både akrobatikk og flammar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 19.07.2010 - 10:04
|
Nyhende
Publisert 19.07.2010 - 09:19
Nostalgi og trykk i VikedalEnergibombene Bjørn Hellfuck og Ingenting gjorde Sommarfestivalen Vikedal til ein stemningsfull affære i helga. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 17.07.2010 - 13:27
|
Nyhende
Publisert 16.07.2010 - 14:04
|
|
Nyhende
Publisert 15.07.2010 - 13:31
Campingvogn i bossetHaugaland Interkommunale Miljøverk reagerer sterkt etter at det blei funnen ei demontert campingvogn ved miljøstasjonen i Ølen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 14.07.2010 - 15:29
Klare for VM i ullJanine Grimaas og Gerhard Haakull skal neste veke delta i VM i saueklypping. Deira konkurranse går ut på å samle ulla. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 14.07.2010 - 15:11
Stiftinga får eitt års fristEigarstiftinga av jordbrukskulegarden på Tesdal i Etne får eitt år på seg å setje i stand driftsbygningen på den omstridde garden. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 14.07.2010 - 08:55
Tid for dugnad30 år etter at det nåverande Etne kulturhus blei reist på dugnad, er det på tida med ny innsats. » Les heile saka |













