Nyhende |
|
Vald mot politiet for femte gong50-åring frå Etne kommune får fengsel i fem månader for vald mot politi.
Bakgrunnen for dommen er ei hending i haust då seks politibetjentar frå Ølen, Haugesund og Sauda rykka ut til den tiltalte sin bustad for å pågripa han. Politiet hadde då fått varsel frå tiltalte sin nabo om truande oppførsel frå 50-åringen.
Då politibetjentane nærma seg bustaden, opna tiltalte døra, og to av polititenestemennene sprang då fram og tok tak i den tiltalte sine armar for å setja på handjern. Den tiltalte sette seg kraftig til motverje slik at fleire av politibetjentane hamna på golvet saman med tiltalte i det dei kallar eit «møljeslagsmål».
Truslar mot politi I politiet sin cellebil sparka den 50 år gamle mannen ein av polititenestemennene i foten. I tillegg kom tiltalte med truslar mot politibetjentane i bilen, og borna og ektefellen til ein av betjentane.
Tiltalte var iført handjern og strips rundt oklene då han kom med ytringane. Polititenestemennene opplevde det likevel slik at mannen trua med å drepa dei etter lauslating.
Retten viser til at ytringane må sjåast i samanheng med den fysiske motstanden tiltalte hadde vist ved pågripinga, og dømmer mannen etter paragraf 127 for vald mot offentlege tenestemenn og paragraf 128 for truslar mot offentlege tenestemenn. 50-åringen er domfelt for det same fire gongar tidlegare.
Straffa er utmålt til fengsel i fem månader. |
|
Nyhende
Publisert 10.09.2010 - 09:32
Ber om tips etter båtbrannEin nesten ny cabincruiser er funne utbrent i Ølen båthamn. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 16:47
|
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 08:42
Bilplanar for meierietEtter planar om både utviding på Tongane og nyetablering på Madsgård, ser nå Ole Martin Grindheim til meieritomta for nytt bilsenter for Etne Auto AS. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 16:48
Ein allsidig båtDen siste båten levert frå Westcon kan brukast til det meste. «Stril Explorer» er bygd for dykkearbeid i Nordsjøen, men blir i første omgang hotellskip. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 14:58
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:58
— Kan vera algeoppblomstringPolitiet meiner det raude vatnet i Åmsosen kan ha naturlege årsaker. — Algeoppblomstringar er ikkje så korte og lokale, seier Ståle Jøtne, og viser framleis til ballastvatn frå AF Decom på Raunes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 15:36
Nynorsk gjennom leik og moroMed satsinga «Sprek i Språk» skal dei yngste vindafjordingane bli betre i nynorsk. Kommunen deler nå ut språkkort og bokpakkar til alle barnehagane i Vindafjord. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 15:19
Høglytte festar gir naboplager— Folk eig ikkje omsut for naboane sine, seier lensmann Ingvar Gjærde etter nok ei helg med politiutrykking til høglytt festing. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 20:22
Ny runde om meierietByggjeplanane for meieritomta i Etne sentrum held fram. Ny næringsaktør skal vera på banen, og leilegheiter er framleis aktuelt. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 16:28
Tok gull i rallycrossDaniel Holten blei noregsmeister i rallycross under siste rundane på Gardermoen søndag ettermiddag. — Det største eg har opplevd, seier 18-åringen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 14:37
Raud fjord i VatsDet er tatt prøvar av Vatsfjorden etter at det laurdag morgon blei observert rustfarga vatn ved båthamna i Åmsosen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 14:21
Tapte mot HalsnøyDet har ikkje gått rette vegen for verken Etne eller Skjoldar/Vats 94 på fotballbanen denne veka. Ølen derimot, sikra seg sigeren mot Sveio. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:47
Leiar før finalenDaniel Holten ligg på første plass i sin klasse, før siste runde og kamp om noregsmeisterskapet. Store delegasjonar frå Team Holten og Moland Racing Team har sett kursen mot noregsmeisterskapet i rallycross på Gardermoen i helga. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 16:12
Tre sikta etter husbrannPolitiet har sikta tre personar etter brannen i eit bustadhus i Etne natt til sundag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 14:52
Tre bygder om sams hallPå onsdag blei det tatt eit historisk spadestikk, med første gravetak for ny idrettshall i Vikedal. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 16:34
Milliardutbygging i vindmølleparkVindmøllepark til over ein milliard kroner i Døldarheia mellom Sandeid og Knapphus er eit viktig steg nærmare. Utbyggarane Haugaland Kraft AS og Fred Olsen Renewables AS har mål om byggjestart i 2013. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:54
— Kan vera påsettPolitiet jobbar nå ut frå ein mistanke om at brannen i Etne i helga var påsett. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 08:25
|
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 14:36
Klar for finale i NMMoland Racing Team førebur seg på siste runde i noregsmeisterskapet i Rallycross » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 30.08.2010 - 11:55
Tusen fiskar gir optimismeOver tusen laks og sjøaure har passert lakseporten i Vikedalselva som er stengt for fiske. Det gir håp om laks på kroken neste sommar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 18:50
Pustar liv i Saudaveg-planarOrdførarane i Sauda og Etne vil få gang på vegplanane mellom kommunane igjen. Planarbeidet kan bli tatt opp allereie i haust. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 18:41
|
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 14:35
|












