Åse Hjelmervik bloggar
Truserusk, truserrøsk og truserisk
17.juni
Eg eeeeelske Tyrkia. Jaffal den delen av Tyrkia som består av sol, varme, bading og allinclusivehotell som ein egentlig ikkje trenge forlata i løpet av ferien. Ordet (og yrket) «husmor» e longt vekke frå hjernebarken, for her står tyrkarane klare på alle kantar for å ta tallerknane når me e ferige å spisa, rommet blir vaska, og tipse me litt ekstra får me danderte hånkler i hjerteform på sengo, som e grueleg sjarmerande til tross for sin egentlige enkelhet. Sjøl om veret e flott, maten e god, hotellet e lekkert og brunfargen komme snikande, har eg ein liiiten klagesang å komma med: KA e det med disse russiske mannfolkå og dei små badetrusene???

Eg meine, e ikkje detta fenomenet nåke så hørre heima på tidlig 90-tal? (Eg sverge, nåken av dei trusene så har sneke seg forbi oss når me e godt plassert i dei tyrkiske solsengene e nok kjøpt på 90-talet og) Det e mange kreative versjonar, nåken e fargesprakande, nåken har vore fargesprakande (derav 90-talsspekulasjonen), andre har et «humoristisk» mønster/symbol både framme og bak , mens andre igjen har einsfarga underdel med ein liten ”lekker” strikk som holde kreasjonen oppe. Nåken av dei e lause i trusestrikken, mens andre e så tronge at ikkje møkje står til tilfeldighetene for å sei det sånn (det minne meg forresten om ein viss VG reklame for nåken år tebake, der nettopp badetruser va involvert).. Det e til og med mannabadetruser i tangaversjon, med tøystykket goooodt plassert inn der solå helst ikkje burde skinna, og der brazilianwaxen dessverre ikkje har sloppe te før ferien sto for tur.
Det bringe meg øve på ein liten avsporing, hår. Nå ska ikkje eg sei koss damer ska trimma diverse hårvekst før ein reise på tur, men når ein har hårvekst til hoftene (både forran å bak) (og då snakke eg ikkje hår frå håve i vertikal lengde ned mot bakkeplan), så bør ein kanskje enten kjøpa seg ei meir dekkande bikinitrusa enn ein «itsy bitsy teenie weenie (Yellow Polka Dot) bikini», eller så bør ein kanskje vurdera å renska opp litt i sakene? Detta gjelde forresten og som sagt mannfolkå i dei små trusene sine. Eg skjønne jo at det virke nå kanskje som at eg og dei eg feriere med bruke ferien på å kikka på ka folk har (og bør ha) på seg, men egentlig skrive eg om det einkvar ikkje kan unngå å legga merke til på ferie. Damer har jo bikinitruser, tenke du, ka så e gale med mannabadetrusa? Det mest åpenbare svaret bortsett for at det rett og slett ikkje e serlig lekkert (itte mitt syn då sjølsagt), e den alt for åpenlyse synliggjeringo av grunnen te at mannfolk trenge truser/boxarar med gylf. Det e sant at me har bikinitruser, og eg ska kje sei at eg ser ut som et glansbilde i bikini, men det e då fortsatt på moten, og i forskjellige tilpasselige variantar avhengig av både kropp, sjøltillit og solingsbehov.
Når eg tenke meg om e det igrunn litt frekt å klaga på andre, så eg kan jo klaga litt på meg sjøl og, eller egentlig e det ikkje klaging, men det e nå bare sånn eg e. Eg e nemlig veldig gla i mat (men ikkje så flink å laga dessverre, noko som for øvrig e et stort ønske i livet), det har eg aldri lagt skjul på. Eg e ofta ein av dei føsste i matkøen på tilstelningar, eg lika å prøva nye ting (for det mesta, det finns sjøøølsagt mange unntak, men HAR smakt Haggis i Skåttland, eg seie bare uff), og her i Tyrkia e det intet unntak. Maten e ein ting, men desserten! Det e så masse forskjellig her på hotellet, å når eg då kan finna meg meir og meir i det uendliga, så e det klart at det går gale. Kanskje e det ikkje så rart at ein av dei innpåslitne butikkeigarane i byen Side som me sjekka ut her ein dagen såg på meg når eg kikka på nåken bukser, og sa «you preg?». Eg lo litt for meg sjøl, og lot som eg va skikkelig fornerma. Eh - NEI, sa eg på godt norsk før eg forlot butikken i rein «fornærmelse», så slapp eg onda nok et prutemareritt (e skikkelig elendige på det området). Men tebake te dei russiske mannfolkå i små truser. Viss nåken av dåkke føle dåkke truffne av trusekommentarane mine, så beklaga eg på det sterkaste, men egentlig ikkje.
Joda, eg elske tyrkia.
Direkte fra Seaworld Resort & Spa
— Åse ☺
11.februar
Morsdag med noko attåt
Te helgo får me ein skikkelig kindereggsøndag og vel så det. Morsdag, fastelaven og valentinsdag har alle havna på søndag 14. februar 2010, i tillegg sto det ein eller aen plass at det og e den den te nå mindre kjente tannbørstebyttedagen denne søndagen.
At alt detta har havna på samme dag e jo ein soleklar fordel for alle dei (mannfolkå) så då kan slå opp te fleire fluer i samme smekk. Dei mannfolkå så trur dei gjer lurt i å smella morsdag, valentinsdag, fastelaven og tannbørstebyttedagen sammen, kan jo prøva lykken med å gå te innkjøp av ein hjertepynta tannkost innpakka i fint papir og fastelavenspynt på.
Min kjære e kje nåke gla i å handla pakkar, å det hjelpe ikkje at ein komersiell ”drittdag fra amerika” seie at han må kjøpa nåke te meg for å visa at han e gla i meg. Eg får bare sjå om valentinsdagen drar morsdagen ner i det matrialistiske dragsuget, men eg håpe jo sjølsagt på det motsatte da, e jo tross alt første morsdag som tobarnsmor.
Eg kjenne eg hadde blitt veldig sjarmert av ei hjerteforma fastelavensbolla med bringebær eller jordbærkrem inni og ”mamma” i melisbokstavar på toppen, så kan heller tannkosten bytast ein aen dag.
Åse.
Ny 3.desember!
Klubbsjeva – sjevo øve alle sjever
Mammen min går i klubb, eller forening som nåken og kalle det. Når eg va liten så va det veldig stas med klubben te mamma, for då lagte hu klubbsjeva så damene sko få. Heldige så eg å søster mi va, så fekk me smaka klubbsjeva me og, å eg kan lova at det va lika godt kvar gong. Det e i grunn ganske løye at spiralloff med f.eks kokt sjinka, agurk og tomat kan smaka så godt, men det gjorde det altså – klubbsjevene så me fekk dei få gongene i året va lika stas kvar einaste gong i alle år. Det kan vel nesten kallast ein tradisjon å få smaka klubbsjeva for min del, å nå går me jo inn i ein måne så e proppfull av tradisjonar. For nåken e det viktig at det ska væra nettopp SÅNN, ellers e det ikkje jul.
Når eg va liten, så pledde me å gi grøt te fjosnissen, å skålo va alltid tom neste dag – stakkars nissen hadde jo ikkje spist grøt på et år vettu, så sjølsagt va det tomt! Det va og nåken nissar så budde i granskogen våras, dei va så små at dei budde under røttene te treo, og kom sjelden fram i dagslys. Pappa hadde sett dei såklart, men me ungane gjekk akkurat glipp av dei når me storma te for å sjå. Når me våkna mårenen den 24. desember, så hadde mamma og pappa pynta heile huset te jul, å me plasserte oss forran fjernsynet for å sjå dei programmå så me såg kvart einaste år. Jevast av desse va jo sjølsagt tri nøtter te Askepott, som fasinerte meg lika møkje kvart år.Eg trur til og med eg fekk et lite snev av motebevissthet når eg såg på Askepott. Koffer gjekk stemorå rundt med nåke så grufullt som et slags panser på håve, å koffer kunne ikkje Askepott velga et stoff forran ansiktet så IKKJE gjekk inn i det eina naseboret når ho dansa med prinsen – ikkje særlig attraktivt syns eg. Å prinsen, i sine strømpebukser? Burde vel fått nåken garderobenøtter han og. Til tross for mine anmerkningar elska eg tri nøtter te Askepott, å syns det e ein fantastisk film. Endå meir fantastisk syns eg det e at han så har ALLE stemmene i filmen (dei norske då ja) leste inn filmen på berre ETT opptak! RESPEKT!
Nå komme julå i november, å ska helst kastast på hode og rauo ut 1. januar. Det virke som det blei for vanskeleg å la julå vara heilt te påsken, så ein trakk det heller andre veien – te neste år bjynnan vel kanskje i september. I steden for å venta med julapynten te 23. desember så bala eg med å få det opp nå, sånn at ungane mine ska få glede av det ei stund. Me kan jo ikkje væra dei einaste så ikkje har pynta. Julo e visst for ungane seie de, i så fall sko eg ønskt eg va ein unge ennå, eg e nok det og på månge måtar – eg har lyst at mamma ska pynta huset mitt sånn at det ska væra lika stas så det va før å komma te ferdigpynta hus. Eg har lyst å gi grøt te fjosnissen, å eg har lyst å tru at han finns. - Eg hadde nok fremdeles trudd på han eg viss ikkje det hadde vore for at nåken fortalte meg at han ikkje va ekta. Når det blei avslørt at alle grøtskålene ikkje va spist opp av min barndoms fjosnisse, så brast det i hjarta mitt. Det måtte jo ha vore ein nisse der!! Egentlig så trur eg på fjosnissen ennå, eg ska ta med ungane å gi han grøt i år. Han e nemlig bare snille med dei så trur på han, så det e te pass for dåkke tvilarar der ute.
Det e nemlig viktig å halda på tradisjonane, sånn så med klubbsjevo. Det e kje månge vekene siden mamma hadde klubb sist, å eg ska lova deg at det va lika stas med klubbsjeva denna gongen og!
Åse
Oppdatert 20.oktober !
Fiber i førjulstida
Eg trur nå eg kan melda meg som levande bevis på at auene ikkje blir firkanta når me sitte for lenge forran dataen eller tv. Det har nemlig skjedd saker å ting i vikjo siden sist blogginnlegg. Me kan endelig kalla oss for rette nettefolk – å guuu kor deiligt det e!
Itte et mildt sagt frustrert blogginnlegg tidligare i år, har det nå komt nåken kjekke karar (eller reddande englar) å kobla meg å naboane te fibernettet. Me blei beint fram så gla at me kjøpte ei konfekteska te heila fiberselskapet, å det va vel fortjent. Eg har jo lenge hørt kor godt fiber ska vera for kropp å sjel, men at det va så bra det ante eg lite om. Endelig kan me hoppa uti havet av nettsider med god samvittighet. Nå tar eg meg tid til å besøka alle nettsider så ser relativt interessante ut, UTEN å tenka på netthastigheten. Tru det eller ei, så kan eg til å med ha fleire nettsider oppe samtidig – i 2009, who knew liksom??
Nå når det i følge diverse produkter i butikkane (ja, eg har allerede tjuvstarta med julabrusdrikking, å eg e kje flau ein plass for å sei det: DEILIGT!), nærme seg jul, så e det jo på tio å se itte potensielle julapresangar te dei som har vore snille i år. Då passe det jo supert med nettsider så skrike SALG øve heile skjermen sko ein tru, å det e virkelig møkje forskjellig ein kan få tak i på den berømte verdsveven. Her komme et par gavetips te den som har alt ( å ja, alt dette kan kjøpes på det store internettet i tilfelle du måtte lura på det):
• Ka med et sjøllysande toalettsete? Jysla praktisk når behovene melde seg om nattå i mørket, å du ikkje vil/glømme/ikkje klare å skru på lyset, eller f.eks når strømmen har gått.
• Kanskje ei avispressa er tingen? Med denna avispresså så dynke du aviså i vatn å legge den i presså, så blir det ein avisbrikett! Ikkje gidd å hogg din egen ved, nå kan du brenne dine egne aviser, som brikettar, å kanskje kan du selga disse brikettane og? Og som det står i annonsen «Du får utnyttet en ressurs som du ellers bare hadde kastet eller levert til gjenvinning» – Off ja, for me vil jo ikkje BARE levere nåke til gjenvinning..
• Mulig e ei truse av tørka kjøtt e det du leite itte? Nettbutikken denna komme fra advare mot å spisa den, så viss sulten tar øvehånd så e det rett og slett på eget ansvar. Ein sko og bevega seg rolig i disse undeboksene, å i tillegg vil eg jo anbefala å ikkje gå nærmare viss du ser skiltet «vokt dem for hunden» når du har disse lekre trusene på.
• Kjenne du nåken så e gla i suppa, men pleie å få hår neri, så e kanskje «The Noodle Eater’s Hair Guard», e tingen for dei. Detta e ei slags gummimaska som skal festes rundt ansiktet når du ete suppa, å vips suppefritt hår å hårfri suppa!
• Og sist, men absolutt ikkje minst, så går det jo an å legga ein oppblåsbar kjole onda treet te den du e gla i? Kjolen e montert med to pumper så ein skal stikke beino inn i. For kvart skritt ein tar, vil altså kjolen sakte men sikkert fyllast opp, og det ser nok ut som ein har et voldsomt luft-i-magen-problem. Men det praktiske e at du kan bruke kjolen som krakk, og den er dermed perfekt for folk som blir fort andpusten.. såklart..
Joda, det e masse å setta seg inn i på det stora internettet, det har både eg og naboane skjønt. Her går eg onda navnet Åse-support, å det e virkelig heilt greit å visa naboane et datatriks eller to! Det e i allefall superkjekt å vera tilstedeverande i det digitale samfunnet igjen.
Så gjenstår det å se kor månge sjøllysande toalettsete det blir å finna under treå i de tusen hjem i år.
Ha ei fortsatt god førjulsti!
Åse
Torsdag 2. juli 2009
Familietilværelse i tåkeheimen
Det e kje bare bare å gå fra ett barn te to, i alle fall ikkje når barn nummer to e av et aent kjønn enn det første. For det førsta, så må ein jo setta seg inn i ein ny fargekode, det e kje så vanskelig når den nybakte storasøstero for lengst har instruert oss i ka som e de hottaste og mest populære jente- og guttafargane for tiå. For det andra, så e det jo te å innse at den erfaringen me hadde fra bleieskift på storasøstero igrunn e bortkasta, for detta her e jo HEILT nåke aent (det va kje akkurat solstrålene som traff meg den første gongen eg skifta bleia på minsten for å sei det sånn). Og bare det å ha to ungar e jo nytt i seg sjøl. Storasøstero syns jo det e veldig stas med ein lillebror, men begynne å bli ein smuuuule lei av at alle spør om hu syns det e kjekt å ha denna lillebroren. «Koffer spør di meg igjen å igjen, trur di ikkje på meg?», kom det plutselig frå fire(og et halvt)åringen. Joda, hu e ei flinke storesøster, som «elske han så masse» så hu seie. I begynnelsen va hu sjøloppnevnt bæsjebleieluktar, ein jobb hu har forståelig nok sagt opp i seinare tid. Nå e hu den så har fått ansvaret for å sjå om han e våken eller såve når me kjøre bil.
Minsten på si sia har hatt litt problemer med luft i magen. Og for å gjera det skikkelig klart for oss ka trykk han bar på, så tok han rett og slett å skaut ein prosjektil rett i veggen når han låg å sprella på stellebordet (me snakke fra stellebordet – øve badekaret (langsida til badekaret) og splæææsj inn i veggen, beint fram, ikkje i ein dalande bue nei). Hadde ikkje eg og maen vore der begge to, så trur eg ingen av oss hadde trudd på kvarandre. Han e heldigvis blitt masse bedre i magen sin nå stakkars, å e i grunn ein blie og fornødde kar.
Eg for min del leve i ei bobla som vare i ca tri timar. Den masse omtalte ammetåko har slått te for fullt, og eg lide nå av hukommelsestap og ordstokking te den store gullmedaljen. Heldigvis så har eg ikkje smelta tåteflasker under (tørr)koking denne gongen, siden eg ennå «har mat te han sjøl» så det hette på fint. Men i frykt av at det ska skje, så har eg kjøpt meg ein sak så eg kan sterilisera flasker og tuttar i mikroen. Veldig smart, for mikroen stoppe jo av seg sjøl. Eg har jo likavel klart å brenna meg på hendene av denna saken ein gong da, for det e jo då tydligvis ikkje så lurt å løfte av lokket med ein gong mikroen pipe. Eg har og vore veldig flink når eg handle, at eg huske å ta varene med meg fra butikken og heilt heim. Sjøl om eg kanskje glømme å kjøpa fleire av tingene så eg har planlagt å kjøpa, så konse eg meg jaffal om å få varene heim, i motsetning te ka så skjedde når eg va i tåkeheimen sist. Eg har og funne ein metode for å huska avtalar, nemlig ein sånn kalenderbok. Her må eg skriva ner det mesta av avtalar, ellers e det sikkert og visst at det blir glømt.
Kanskje e det e derfor babyar gir lyd fra seg når di e sultne, fordi mødrene beint fram kunne glømt å gitt di mat i rein tåkeskap.
Åse
Tysdag 21. april 2009
Lystgass lenge leve
Påsken har i år vore ein følelsesmessig berg og dalbane. Itte å ha vore ut å inn av fødeavdelingen med ein fødsel som aldri kom skikkelig i gong, så begynte me å bli litt bekymra om ungen hadde tenkt å holda seg der inne. Eg va nå offisielt et vandrande påskeegg, og det såg ikkje ut te å gi seg med det førsta. Termindagen kom, men kynnarar kvart 6. minutt og åpning på 4-5 cm var ikkje nok te å kalla det ein aktiv fødsel. What to doo?? Eg ville ikkje kjøre heim, for bestemte ungen seg for å komme, så er det LITT langt med 1,5 time til sjukehuset. Me bestemte oss for å overnatte hos ein kjempesnill kamerat, men me måtte jo få detta her i gong. Eg fant jo ut at eg hadde litt energi som eg ville ha ut, så me bestemte oss for å ta et slag bowling eller to... Og for et syn eg må ha vore, høggravid som bare det i bowlingsko - vaggande med ei kula på magen og ei kula i håndo. Det begynte bra, men sambuaren min sendte meg på sisteplass med den aller siste kulo..NEDTUR. Ikkje hadde det nåke innvirkning på fødselen heller, så me bestemte oss for å gå ein lengre tur på Vormedal. Heile 4 turar blei det dei dagane me overnatta hos kameraten vår. Etter siste turen på fredagen, var me egentlig så leie at me bestemte oss for å kjøre heim - heilt heim.
Eg skulle bare oppom på sjukehuset for å hente papirene mine, og jordmora sko ta ein sjekk før eg tok turen heim. Så lite tru på at det skulle skje nåke meir den dagen hadde me, at sambuaren min ikkje ville betale parkeringsavgifta, så han venta i bilen mens eg gjekk for å ta sjekken. Mot det eg vil seia e tilnærma alle odds, beslutta jordmorå at vatnet nå kunne tas, for å se om det ville setta fart på ting. Eg måtte ut å hente sambuar og bagasje, og inn på fødestuo med oss. Me blei igrunn tatt litt på sengo! Detta va nåke av det sista hu gjorde før vaktskiftet, så me takka henne stort før ho forsvant ut dørene. Itte at detta vatnet gjekk da, så blei alt plutselig masse vondare. Hadde eg virkelig gått å gleda meg te all denna smerten? Eg så virkelig haaaate å ha det vondt?
Inn kom ei smilande jordmor som viste seg å bu i grannardistriktet. Hu sko hjelpa meg gjennom siste del, og me fant raskt tonen. Eg trudde det var bedre når eg gjekk rundt på golvet, så jordmorå fant fram det eg vil kalla ein gåstol som skulle væra god å ha under disse vondtane mine. Må jo sei det at eg følte meg helst som ein gammal krok når eg gjekk med den der, istedenfor ei dama som va i ferd med å setta et nytt liv te verden. Te slutt hadde eg så vondt at eg måtte legga meg ned på sengo.. Jordmorå spurte om eg va interessert i å få akupunktur, å svaret burde væra ganske åpenlyst for meg så har absolutt sprøyteskrekk - men eg gav henna et soleklart ja! Tri nåler satte hu i meg, ei i foten, ei i håndo og ei i håvet. Sambuaren min som satt å såg på detta, va ganske overraska øve kor longe disse nålene va, og øverasska øve meg så gav blanke F i heile greio.
Eg kan vel ikkje sei at disse nålene tok VEKK noko smerte, men det kan jo henda at eg hadde hatt meir vondt viss eg ikkje hadde brukt akupunktur, så detta har eg fortsatt truo på ja! Eg begynte vel helst å bukka under for smertene, og spurte om eg kunne få epidural. Eg e igrunn veldig skeptisk te epidural, for det er jo et inngrep som har diverse eventuelle bivirkningar. Lystgass hadde eg egentlig gitt opp, for det funka svært dårlig med forrige fødsel. Jordmorå satte veneflon i høgrehåndo mi, og hjalp meg øve i ei fancypancy fødeseng, som va svært oppdatert itte eg fekk prinsesso for snart 5 år siden. Jordmora, som eg for øvrig har god grunn te å kalla helten fra Telemark, spurte ein siste gong om eg ville prøve lystgass. Så lett påvirkelig så eg va, trass i min øvebevisning om at det egentlig kom te å gå rett vest, så sko eg nå prøva. Å herreguuud så glad eg e for at eg prøvde!!! Det gjekk ikkje long tid før eg va nåke så enkelt som totalt dritings, og brydde meg mindre om smertene enn nåken gong. Eg fekk til og med sjans te å slappa av å drømma de raraste ett-minuttarsdrømmar mellom kvar rie. Når folk kom inn i rommet fekk dei sjå meg som gav dei et supersjarmerande berusa glis, og sambuaren min som helst satt å flirte av meg mens han blei kommandert te å gi meg brus når eg trengte det.
Ein har ein sånn forestilling om at ein kan styra ein del sjøl når ein e i fødsel. Nåke av detta e stemmebruken. Eg hadde jo bestemt meg for at eg ikkje sko væra ein av disse skrikande fødekvinnene, men der tok eg feil gitt! Eg måtte bare akseptera at eg va lika galen som dei brøledamene eg så mange gonger hadde latt meg skremma av på tv seriar som Sykehuset og Jordmødrene. Eg vil vel nesten sei at eg brølte ut ein gutt på 4,8 kg og 54 cm på 10 minuttar med pressrier, så litt sår hals brydde eg meg slettes ikkje om! Når alt va øve så lo me av at eg på mine 160,2 cm nok ein gong hadde født ein så stor baby! Denna gongen fekk me ein gutt, så nå kose me oss heima alle fira.
Me e stolte som bare det øve den flotte guten som me har fått!
Tusen takk te helten fra Telemark og dei andre på sjukehuset som fekk oss gjennom den relativt store kneiko denna gongen! Å minnene om lystgassen, dei ska eg ta med meg i loooong tid framøve!!!
LYSTGASS LENGE LEVE
Torsdag 19. mars 2009
NETTSVETT
Når ein e nettstudent, så e det visse ting så e vesentlige for at studentkvardagen ska gå rimelig greit føre seg. Den mest vesentlige tingen e jo då at ein e kobla på ei internettlinja som har nåken lunde grei hastighet, med tanke på nettbaserte forelesingar og dokumentasjonkorrespondanse. Ein sko tru at detta e ganske sjølsagt for dei fleste nå i 2009, men då må ein tru om igjen. Akkurat nå sitte eg her å rive meg i håret, mens Hellbillies sin sang «Hallo Telenor» kverne gjøno hodet. Eg kjenne meg igjen så altfor godt:
«Hallo Telenor, kan du hjølpe meg no?
Hallo Telenor, eg irritera meg so»
Mens nettlevrandørar som NextGentel, Get, Telenor, Altibox har daglige flotte (og ikkje minst fristande) reklamar på tv, om auka hastighet og bruksområde, sitte eg her med ei nettlinja som kan væra så grei at eg rekke å laga meg middag før eg får lasta opp et bilde som eg vil senda til nokon. I fjor va det jo det så va saken at «alle» sko få komma på nett med ein hastighet som skulle væra så og så stor, og me kunne lesa fleire saker om den stadig auka nettilgangen på bygdene. Håpet vokste når fiberkabelen frå det lokala kraftselskapet kom forbi huset mitt, og me begynte å bestemma oss for ka altibox-pakke me skulle velga. Me sko ENDELIG komma på nett, og oppleva for alvor ka resten av sivilisasjonen hausa seg sånn opp itte. Det klødde i fingrane itte å logga seg på å kunne holda seg oppdatert på diverse nettaviser og forum.
Men NEEEEIDA, det sko jo sjølsagt ikkje gå sånn. Mens mesteparten av kommunen fekk diverse tilbud fra forskjellige nettlevrandørar, satt me her med det såkalla skjegget i postkassen. Her eg bur e me rett og slett for få folk te at det lønne seg å bygge ut altibox, så me må finna oss i å havna i den nettbaserte bakevjo. I tillegg så bur me utenfor telenor sin rekkevidde på ADSL, så dei kan heller ikkje tilby oss noko. Så nå sitte eg her då, betale i bøtter og spann for et internett så e så ustabilt at det burde blitt forbudt.
Dei i klassen min e jo minst like irriterte som meg på detta nettverkstullet, for eg HA-K-K-K-KE meg gjennom kvar einaste forelesing og folk forstår ikkje et einaste ord eg seie på grunn av detta. Det e utrulig grusomt å sitta inne med masse argumenter som ikkje når fram til resten av klassen, e eg så heldig at eg får lov å komma med ei ytring, så passe det ikkje inn i samenhengen te de andre i det heile tatt, for det e såpass stor forsinkelse på linjo at dei andre for lengst e øve på et aent tema...
Når eg kan gå heile ittemiddagane uten å få nettkontakt, kjenne eg at abstinensene begynne å melde seg. «Har eg fått mail?», «E det nåke nytt på facebook?», «Har eg fått svar på oppgavene mine?», og «Har det skjedd nåke nytt og superspennande rundt om i denna via nettbaserta verdo så eg visstnok e ein del av?». Eg kjempe mot abstinensane, men det e ikkje lett, eg kjenne eg blir heilt nettsvett: KAN ikkje nåken bare gi meg et nettverk som FUNKE??? Joda, det e kjekt å væra nettstudent når forhåldo ligge te rette for det.
«Hallo Telenor, kan du hjølpe meg no?
Hallo Telenor, eg irritera meg so»
SUKK!!
Måndag 23. februar 2009
23 år gammal gravid 17 åring
Eg har alltid sett yngre ut enn ka eg e. Mens andre synest dei ser gamle ut for alderen, og legge seg onda kniven for å se yngre ut, har eg alltid følt det motsatt. Eg kan vel sei at eg te nå har stoppa fint på 17 - 18 år, men om eg tar sminke på, sette opp håret og folk legg godviljo te, så kan dei kanskje gjetta seg te eg faktisk har passert 20. Eg har til å med passert 23 år, og gravid e eg og.
Når eg blei mor for første gong som 19 åring, va min «yngre utsjånad» ei lito utfordring. Alle kunne jo sjå at eg var ei ung mor, greit nok det, men kor gammal eg egentlig va, va det dei færraste som visste. Mens majoriteten av dei eg kjenne her inne i distriktet visste alderen min sånn nåkenlunde, gjorde dei i byn naturlig nok ikkje det. Eg huske ein gong eg og jento mi sko te Amanda på handletur. Hu va vel nærmare 2 år, det vil jo då sei at eg nærma meg 21, å me sko låna oss ein sånn lekebil med handlekorg på, for at handlingo sko gå litt lettare, både for både mor og barn. Når eg kom fram te hu damo så hadde ansvar for detta, så spurte hu itte legitimasjon, for «ein måtte væra øve 18 for å låna seg ein sånn bil»… For å sei det sånn, greit nok å visa bevis på polet altså, det gjer eg glatt uoppfordra (har forresten fått mange kjekke «premiar» for at eg gjer det), men å måtta visa bevis for ein handlekorgbil på Amanda? FLAAAAUT!! Flaks for meg så va eg jo øve 18, tenk på dei som blir mødre som 16 åringar, får ikkje ungane deiras låna ein sånn bil då?
Nå har eg igjen ei stor kula på magen, og eg e altså blitt 23 år. 23 og et halvt om eg ska væra nøyaktige, på mine 160,2 cm (JA, mine 0,2 cm e VELDIG viktige for meg). Om nåken veker blir eg mor igjen, nåke eg, sambuaren min og dottero våras glede oss veldig te. Det e nå ein gong sånn, at når ein får veta at ein e gravid, e det for mange naturlig å halda det for seg sjøl ei stond før omverden får ta del i det. Sånn va det for oss og, og det fekk meg te å tenka litt. Eg trur nemlig det at det va møkje lettare å skjula ein graviditet før i tio. Nå e me blitt meir opptatt av detta med alkohol, det e blitt så vanligt at det e uvanlig å ikkje ta seg et glas i godt lag. Nå ska eg ikkje greia alle onda same kammen, men med tanke på dei som kan kallast sosiale vesen, og kanskje lika å ta et glass vin eller to, så blir det brått andre boller når ein får veta at ein har baby i magen. Det e rett og slett for rart for mange at nåken velge å IKKJE ta seg et glass når di e ute, å ka gjer ein som «nygravid» då? Det e faktisk sånn at folk nesten ligg i buskane å vente på at ein ska ta seg ein sup av glaset, elles e ein mistenkt for graviditet med ein gong. Drikk du ikkje, ja då e du gravid då, i allefall te motsatte e bevist! Ikkje kan ein isolera seg heima heller, for det er jo mistenksomt det og. Eg må sjøl innrømma at eg va på ein festival i sommar, der eg hellte ut innholdet i fleire ciderboksar og fyllte de med alkoholfri cider, sånn at alt sko væra «som normalt».
Dei fleste som har vore gravide, vett at det skjer saker å ting med kroppen i denna perioden som ikkje alltid e lika kjekke. Bortsett fra det at eg av å te føle meg som ein stranda kval når eg ska snu meg i sengo om nettene, og et tåpelig fall på isen i januar som sette ryggen utav spel, e det helst huden og hormonene så ikkje e på mi sia for tio. Hudmessig ser eg ut som eg nettopp har komt i puberteten, og hormonelt sett, så e eg vel i puberteten eller trassalderen då og. Det ska virkelig ikkje møkje te for å vippa meg av pinnen, nåke eg herved beklage for, te alle som har vore utsatt for min vrede dei siste månane. Et godt eksempel på detta e Max Manus. Me va nemlig på MaxManus på kino for ein måne siden, der det satt 3 guttar framfor oss. Nå e jo ikkje eg den rette te å tippa alder på folk, men eg e usikker på om dei sko vore der inne uansett. Fnising, hiving på popkorn og høglytt kommunikasjon seg i mellom, gjorde at det NESTEN klikka for meg. Eg kjente at eg blei rød i fjeset og eg trur eg måtte tella te meir enn 10 for å roa meg ner. Det virka ikkje som dei forstod innholdet i denna flotte filmen, det va meir interessant å ta på seg hettene i hettegensrane å fnisa når f.eks to personar i filmen ENDELIG kunne få kyssa kvarandre. Heldigvis klarte eg å roa meg ned å nyta filmen, men det va kje månge sekundane om å gjera før de hadde fått seg et klaps i bakhåve alle tri.
Eg e kje lei av å gå gravid ennå, eg ska passa på å nyta den sista tio. Eg har berre fått dårlig samvittighet øvefor den stakkars samvittigheten min, som må ta hensyn te ukontrollerte hormonelle utbrudd te ei kvar tid. Du gjer deg sjøl ein stor teneste viss du ikkje spør meg itte legitimasjon dei neste vekene, sjølv om eg ser yngre ut enn eg e. Gjer du det, så kan eg ikkje garantera for utfallet.
Åse