Alnæs, Elg og co. leverte så absolutt under årets første blueskveld. Foto: Trond Husebø
Alnæs, Elg og co. leverte så absolutt under årets første blueskveld. Foto: Trond Husebø

Dance with a Stranger leverte

Første blueskveld er unnagjort og Dance with a Stranger spelte i eit fullt House of Blues i går kveld.

Det var større olbogerom i festivalteltet ved House of Blues då dei første artistane sto på scenen, men etterkvart som kvelden lei på blei det stinn brakke. Ein halvtime før midnatt entra Dance with a Stranger scenen og då sto folk som sild i tønne.

— Det var rundt 1.400 personar som fekk med seg konserten med Dance with a Stranger i går kveld, og dei drog fram dei gode gamle låtane heile vegen. Folk tenner mest på låtar dei kjenner, og med musikarar som Alnæs og Elg i spissen blir det ei fantastisk musikkoppleving som heile huset bar preg av, seier Alf Warloe Christophersen.

— Etter kvelden i går skulle eg ønskja dette ikkje var deira «last dance», legg Christophersen til.

God ballast

Dance with a Stranger viser at 30 år på scenen har gitt dei god ballast.

Det var god miks av både gamalt og nytt stoff. Turneen Dance with a Stranger gjennomfører om dagen, er ein avskjedsturné etter ein mannsalder på scenen.